RIB-tur

Bli med på ein spennande og minnerik oppleving med Rib.
Du kjem tett innpå Sunnmøres flotte skjergarder og er du heldig vil du oppleve å sjå mange sjøfuglearter og kanskje også sel.

Rib-båter er svært godt eigna til fjordsightseeing, havsafarier eller transport mellom destinasjonar.
Opplevinga passer for alle og er like fin om turen går mot det opne ville havet, eller ein meir skjerma tur innover fjordane.

Vi utstyrer alle med varmedresser og briller –  det einaste ein treng å tenke på er gode sko og ein tynn lue/pannebånd.
Husk kamera for å kunne forevige minnet!

Sjå vår flotte film for eit innblikk av våre turer:
https://www.youtube.com/watch?v=mv_btohxSO8&feature=youtu.be

Aktiviteten passer både på våren, sommar og haust og vi har fleire aktuelle ruter etter ønske om lengde og kombinasjon med andre aktiviteter som vi leverer.

Nedanfor viser våre mest populære destinasjonar og reiseruter: 

Quality Hotel Ulstein, Ulsteinvik – Handelsstaden Borgarøya – Selkoloni ved Grasøyane – Vraket av Acherendam ved Runde – Fuglefjellet og Grottene ved Runde – Straumane frå Leinevika til Eggesbø – Flåvær og Torvholmen – Herøy Gard og gamle Herøy Kirkegard – Gjennom Stokksund

For leige av båten for gruppeturar eller lengre turar, ta kontakt for eit godt tilbod.

Kapasitet: 12 pers.
Vi tilpasser alltid turane etter vèrforholda og set sikkerheita til passasjerane først!
Pris på forespørsel.
Kontakt oss på tlf. 70 01 30 00 eller mail: post@coastsafari.no

Båtutleige

Ønsker du å  utforske vår skjergard på eiga hand? Finne din «eigen» vesle holme eller fiske for deg sjølv? Då kan du leige ein av våre småbåtar.

Coast Safari tilbyr 2 småbåtar med påhengsmotor for utleige.

Båtane er av merke «Happy» og heiter «Happy I» og «Happy II».

Lengde: 5,55 m.   Bredde: 2,42 m.
Motor: 25 HK Honda m/elektrisk start (8 l. bensin pr. time ved full gass)

Ombord i båten er:

  • 1 bensinkanne med 24 l. bensin.
  • 1 reservekanne med 5 l. bensin.

Prisar:

  • Inntil 6 timar – halv dag:     kr.     1 000,- (inkluderer 1 tank bensin – 24 l).
  • Over 6 timar – heil dag:       kr.     1 600,-  (inkluderer 1 tank bensin – 24 l).
  • Leie av flytedrakter:             kr.     150,-  flytedrakt

Ved leige av båt får du utlevert: 
Flytevestar til alle. Flytevestane skal allid vere på!
«Dødmannsknapp» – denne brukast for å starte motoren og skal vere festa på båtføraren.
Utdrag av sjøkart nr. 30 for området rundt Ulsteinvik.

Personar født i 1980 og seinare må framvise båtførarbevis for å leige båtane. Båtane leiges ikkje ut til personar under 20 år.
Ved skade på båt og/eller motor må det holdast ein takst, og beløpet for reparasjon må dekkast ihht takst.

Skjergardstur

Bli med på ein annleis skjergardstur med den historiske og verdneverdige fiskeskøyta MS Hindholmen. Her får du eit innblikk i unik fiskerihistorie kombinert med frisk sjøluft.

Vi legg turen opp heilt etter ditt ønske. Ønsker de servering ombord kan vi ordne det, og det er mulig å gjere strandhogg eller besøke bestemte turmål etter ønske. Båten har stor salong under dekk, og god plass dersom véret ikkje viser seg frå si beste side. Har kapasitet på inntil 60 personer.

Eller kjenne på yachtlivet ombord i vår elegante  MY Solveig. Her kan du nyte dagen med god mat og drikke, mens vi seiler rundt i vår vakre skjergard. Har kapasitet på inntil 12 personer.

Velkomen ombord!

Havfiske

Bli med på fisketur til lokale og gode fiskeplassar her på Søre Sunnmøre. I samarbeid med mannskap på fiskeskøyta «Stero» tek vi deg med ut i havet og du får teste fiskelykka i frisk sjøluft. Det er også mulig å få tilberedt eit deilig fiskemåltid når vi er tilbake ved hotellet.

Turen kan leggast opp for grupper inntil 12 personar.

Pris; frå kr. 1600,- per time (for grupper inntil  5 personar).
Pris; frå kr. 2300,- per time (for grupper over 6 personar).

Pris inkluderer fiskeutstyr, mannskap, guiding og historiefortelling. Pris på drikke kjem i tillegg til prisane. Nøyaktig pris oppgis ved førespurnad. Totalt 3-4 timar.