Ivar Aasen-tunet, Hovden
Ivar Aasen-tunet ligg på Hovden, 25 min. køyring frå Ulsteinvik, og er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Tunet ligg på garden der Ivar Aasen var fødd og vaks opp, og er ope heile året.
I Ivar Aasen-tunet er det fem bygningar frå tre hundreår og eit uteamfi. Det spennande nybygget frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn. Kaféen og butikken i senteret byd på smakfull, heimelaga mat, ferske aviser frå ulike landsdelar og eit breitt utval av gåveartiklar i mange prisklassar. Tunet er arena for Dei Ny norske Festspela kvart år.
For meir informasjon: www.asentunet.no

Aasentunet.