Båtutleige
Ønsker du å utforske vår skjergard på eiga hand? Finne din «eigen» vesle holme eller fiske for deg sjølv? Då kan du leige ein av våre småbåtar.
Coast Safari tilbyr 2 småbåtar med påhengsmotor for utleige.
Båtane er av merke «Happy» og heiter «Happy I» og «Happy II».
Lengde: 5,55 m. Bredde: 2,42 m.
Motor: 25 HK Honda m/elektrisk start (8 l. bensin pr. time ved full gass)
Ombord i båten er:
- 1 bensinkanne med 24 l. bensin.
- 1 reservekanne med 5 l. bensin.
Prisar:
- Inntil 6 timar – halv dag: kr. 1 000,- (inkluderer 1 tank bensin – 24 l).
- Over 6 timar – heil dag: kr. 1 600,- (inkluderer 1 tank bensin – 24 l).
- Leie av flytedrakter: kr. 150,- flytedrakt
Ved leige av båt får du utlevert:
Flytevestar til alle. Flytevestane skal allid vere på!
«Dødmannsknapp» – denne brukast for å starte motoren og skal vere festa på båtføraren.
Utdrag av sjøkart nr. 30 for området rundt Ulsteinvik.
Personar født i 1980 og seinare må framvise båtførarbevis for å leige båtane. Båtane leiges ikkje ut til personar under 20 år.
Ved skade på båt og/eller motor må det holdast ein takst, og beløpet for reparasjon må dekkast ihht takst.