Om oss
Vi vil auke aktivitetstilbodet på Sunnmøre med utgangspunkt i Ulsteinvik, og vi ønsker å gjere området meir attraktivt for våre besøkande og gje dei endå fleire grunnar til å besøke oss.
Vi skreddarsyr aktivitetar for alle – frå 2 personar til grupper på 60 personer, frå unge til eldre.
Coast Safari er et Action & Eventselskap.
Vi ønsker at alle får høve til å oppleve vår fantastiske natur, enten til fots eller til fjells, med båt til havs eller på sykkel langs våre landevegar. Vi organiserer fellesutflukter med buss og guide.
Saman med lokale samarbeidspartnarar har vi eit breitt og spanande tilbod. Vi tilbyr blant anna;
- Skjergardsturar med «Hindholmen» for inntil 60 personar
- Fartsfylte båtturar med Rib
- Havfisketurar med fiskeskøyta «Stero» for inntil 15 personar
- Utflukter til Hakallegarden for heile familien
I tillegg til dette har vi skaffa oss to båtar til utleige for inntil 6 personar, slik at du på eigahand kan dra på båttur eller fisketur. Nødvendig utstyr følger med. Vi har også 4 syklar til utlån.
Kva med ein tur til Ishavsmuseet AArvak eller til Herøy Gard, eller at vi arrangerer selskapet ditt langt oppe i Ulsteindalen på «Kraftstasjonen» ? «Kraftstasjonen» er Ulsteinvik sitt fyrste elektrisitetsverk og det vart etablert i 1917. Eller kva med et bedriftsbesøk? Ulsteinvik er vertskap for nokre av verda sine dyktigaste skipsdesignarar, skipsutstyrsprodusentar og skipsbyggarar.
Alt dette kan du lese meir om på vår heimeside
Coast Safari er eit samarbeid mellom Ulstein Hotel AS og Quality Hotel Ulstein. Det er Quality Hotel Ulstein som står for den daglige drifta og all kommunikasjon vil skje med hotellet.
Vi ønsker deg ein spanande og opplevingsrik dag i Ulsteinvik og på Søre Sunnmøre!