Rekkedal Gjestehus, Sæbø

Bli med på ei gardsoppleving og møt eit gjestfritt vertskap, i ei atmosfære utanom det vanlige. Her kjem du fleire hundre år tilbake i tida og du kan rusle rundt mellom dei gamle husa på tunet, smake på spesialitetane frå garden eller nyte eit måltid i Gamlestova eller i Grindløa frå 1800-talet. Her vert det satsa på lokale råvarer av høg kvalitet.

Garden har også ein utsøkt vinkjellar med eigenimportert, italiensk vin, og her legg vertskapet gjerne opp til ein presentasjon og ein smak. Det er møterom og selskapslokale tilknytta vinkjellaren. Pris på førespurnad.

For meir informasjon: www.rekkedalgjestehus.no