Osnessanden

Berre ein liten kilometer frå hotellet ligg Osnessanden, ei vakker, kvit sandstrand med flott utsikt. Ein flott stad for ein piknik eller eit dypp i havet for de tøffe.

I Eiksund finn du også ei flott strand, og ut mot Flø har vi Roppesanden og stranda ved campingplassen.

Ulsteindalen Kraftstasjon

I 2001 vart turbinane slått av på den gamle kraftstasjonen i Ulsteindalen. Stasjonen var i drift i 84 år, men no går den gamle stasjonen framtida i møte som museum. Eit nytt kraftverk er no bygd ved sidan av den gamle stasjonen.

Ulsteindalen kraftstasjon frå 1917 er pussa opp og vert no nytta som kurs-, konferanse- og selskapslokale.

I 2000 vart det sett i gang eit moderniseringsprosjekt, og ein ny kraftstasjon vart bygt ved sidan av den gamle. Den flotte, gamle kraftstasjonsbygningen er no pussa opp og vert nytta som kurs- og selskapslokale med plass til 40 personar.

Quality Hotel Ulstein arrangerer omvisning og middagsarrangement for grupper, på førespurnad. For booking q.ulstein@choice.no

Flø

Ein liten køyretur frå Ulsteinvik – ca. 7 km. utover mot Atlanterhavet, og omkransa av bratte fjell og flotte sandstrender, ligg den vakre fiske-og jordbruksbygda Flø.

Bygda har hatt ein mektig vikingkultur, og dette ser vi igjen i fleire gravhaugar og fortidsminner. Med storhavet rett på kan det ofte vere vérhardt her, men det er flotte forhold for fiske og ypperlig turterreng. Sett deg på svaberget og nyt sola som går ned i havet; ei fantastisk oppleving i seg sjølv! Her finn ein også Studio Hugo Opdal og Moods of Norway Fjord Store.

Meir informasjon
Flø feriesenter – http://www.floe-feriesenter.no/
Studio Hugo Opdal – http://hugoopdal.no/

Hakallegarden

På besøksgarden Hakkalegarden trivest borna veldig godt, og ein finn uvanlege dyr som til dømes alpakka og kasjmirgeiter i tillegg til hestar, kaniner og grisar.

Garden har i tillegg kafé, gardsbutikk og galleri.

På nettsida til Hakallegarden kan vi lese: “Frydefull barnelatter rungar frå lasteplanet på ein gamal gråtasstraktor som tøffar forbi. Ved steingarden brekar ei mohairgeit nøgd, halvsovande i fanget til to nye bestevener. Det gjev ei heilt eiga ro å ha nærkontakt med dyr, og på Hakallegarden kan du treffe kattungar, hestar, alpakka og mange andre trivlege skapningar. På besøksgarden kan du sanse livet på landet, og året rundt kan store og små leggje helgasturen til den flotte Hakallestranda. Her kan du bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe spennade interiørprodukt og silkemjuke alpakkasokkar.”

For meir informasjon www.hakkalestranda.no

Ishavsmuséet Aarvak, Brandal

Muséet i Brandal, 25 min. køyring frå Ulsteinvik, vart oppretta for å ta vare på dei rike tradisjonane Vestlandet har med selfangst i arktiske strøk.

Ei stor samling av gjenstandar, foto og filmar er tilgjengeleg for publikum i permanente utstillingar. Quality Hotel Ulstein samarbeidar med muséet og kan også arrangere lunsj- og middagsservering her.

For meir informasjon: www.ishavsmuseet.no

Kvitneset

Kvitneset er eit populært utfartsmål ca 20 minutters køyring frå hotellet, for fisking, piknik og for å sjå på storbåra. Under okkupasjonen 1940 -1945 var Kvitneset eit sentralt festningsanlegg , bygd av tyske styrkar.

Kvitneset ligg flott til ut mot Breisundet, med storhavet rett på. Kvitneset er den nordaustlege pynten av Hareidlandet. I nord er Breisundet, i aust er Sulafjorden. Namnet kan kome av to ting: Båra bryt kring neset så det kvitar eller er kvitbrunt eller gråkvitt.

Hitler hadde bruk for fri veg til Atlanterhavet og fri veg mot nord for åtak på Russland, altså trygg farlei langs kysten. Difor vart Kvitneset vald som ein del av “Festung Norwegen”.

Les meir om Kvitneset

Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskningsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for alle som er interesserte i sunnmørsnaturen.

Runde Miljøsenter kan tilby foredrag frå forskningsmiljøet i tillegg til selskapslokaler med storslagen utsikt til storhavet, gjerne kombinert med en båttur eller fottur til fuglefjellet, der Lundefuglen har sin hekkeplass på forsommaren.

For meir informasjon www.rundecentre.no

Fugleøya Runde

Lengst ute i storhavet mot vest, 40 min. køyring frå Ulsteinvik, finn du dykke- og fugleøya Runde. Her finnest også det sydligaste fuglefjellet i Noreg, og er det fuglefjellet som har flest artar sjøfugl registrert. Fuglelivet er aktivt året rundt. Heile sommaren vert det arrangert guida sightseeingturar med båt rundt øya Runde og dette er eit fantastisk høve til å studere fuglelivet på nært hold.

Det er også mogleg å vandre i fjellet langs merka turstiar, men legg merke til at det er innført strenge reglar om freding på grunn av den sårbare naturen.

For meir informasjon www.runde.no

Ynskjer du å leige fyret på Runde? Klikk her for meir informasjon – https://www.ut.no/hytte/3.2165/

Herøy Kystmuseeum, Herøy

Herøy Kystmuséum ligg på øya Herøy, 30 min. køyring frå Ulsteinvik. Øya har gjeve namn til prestegjeld og kommuna her. Frå rundt 1770 og fram til 1900-talet var øya kjend som ein viktig handelsstad. Sjøhuset på garden er truleg frå 1770-åra.

Muséet har ei samling av tradisjonelle bruksbåtar frå pre-vikingetid samt ein kopi av ei typisk Sunnmørsjekt. Delar av Herøy Gard er arena for Herøyspelet ”Kongens Ring”. Det er kafédrift på Herøy Gard i juni, juli og august.

For meir informasjon: www.heroykystmuseum.no
Om Herøyspelet: www.heroyspelet.no

Dollsteinhola

Dollsteinhola er ei av dei djupaste holene i Norge med sine 185 m. Inngangen ligg om lag 60 m over havet i fjellet Dollsteinen, på Sandsøya. Ein unik og spanande oppleving for den eventyrlystne.

Guiding er påkrevd og arrangerast på forespurnad.

Ynskjer du guida tur? Send forespørsel til q.ulstein@choice.no